fredag 6. november 2009

Forarbeider

Endelig blei den finaste tomta i Garder byggeklar!
Det var ikkje sjølvsagt. Til slutt fekk me godkjent dispensasjonssøknaden, søknad om avkjørsel, og sist men ikkje minst lov til å bygga i nærheten av gravhaugen... Saken har gitt eit godt tilskudd til papirmølla i kommune og fylkeskommune, riksantikvar og vegvesen.

Dei siste 4 månadene har Ole Einar brukt utallige arbeidstimar i gravemaskinen og traktoren - med god hjelp frå lillebror og pappa. Vegen frå vevstue til byggeklar tomt har vært mykje arbeid. Det tar tid å riva eit hus, sprenga, grava ut og frakta bort 700 kubikk stein, for så å kjøra noko av det tilbake som pukk. Men litt gøy er det jo å kjøra gravemaskin og... ;)


Den mykje omtala gravhaugen inspiserast


Vevstua jevnast med jorda


Ole Einar og gravemaskinen vs. 1 tonn stein


Kjelleren er sprengt ut


Snart klar for grunnmur!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar