søndag 8. august 2010

Det nærmar seg...

Ole Einar har stort sett brukt sine fire sommarferieveker i huset, og min kjære far har også tatt turen igjen for ein arbeidscamp. Eg har jobba litt mens Julie har sove ute i vogna, berre litt upraktisk og lite effektivt at ho søv så lite om gangen. Men har også hatt god hjelp av svigermor innimellom til barnevakt og middagsservering, det er luksus!

Egeninnsatsperioden nærmar seg nå altså slutten, og me begynner å ana korleis huset vårt vil bli sjåande ut til slutt! :)


Siste versjon av soverommet vårt. "Sand" på veggen og kvitolja eikeparkett frå Bauhaus på golvet.


Loftsstova er ferdigmala med "Patinahvit", og golvet har fått samme parkett som på soverommet. Billig og fin!


Parketten i stove og kjøkken er 1-stavs kvitolja eikeparkett frå Solidfloor. Dyr, men også veldig fin! Fargen på kjøkkenet blir "Olivensåpe" - foreløpig i alle fall...


Golvleggaren i aksjon! Veldig flink, men roter fælt... ;)


Badet i 1. etg er ferdig flislagt. Flisene er frå Bauhaus - butikken over alle butikkar! Snart kjem innredninga på plass også, den står og ventar på å bli henta på Kvik.


Badet i 2. etg. Her kjem dusjhjørnet. Brune fine golvfliser er ikkje det lettaste å finna, men etter timar med tråling av flisebutikkar fant me desse på Bergersen flis (Clays Urban/mosaikk). Veggflisene er frå Modena (Kasai Anis). Trur dei blir fine sammen med innredninga som er i coffe farge (Dansani). Gler meg til å dusja her!